Aktivitetar i VÅgåmo
Surf på brevatn, dra på alpakkavandring, køyr elektriske traktorar og ta korte turar i fotspora til Olaf den Hellige, før du slappar av med ei varm badstue og ein dukkert i det irrgrøne Vågåvatnet. I Vågåmo (Vågå sentrum) finn du også trivelege lokale butikkar og ei klassisk norsk trekyrkje, med delar datert heilt tilbake til vikingtida.

Familie
Aktivitetar
Traktorland
Inne på Vågå handelsforeining, kan barn køyra elektriske traktorar gjennom ein morosam bane.
Meir info: Spør om tilgang i resepsjonen på hotellet
Brimiskogen Klatrepark
I BrimiSkogen Klatrepark, blir du utfordra på balanse, koordinasjon og styrke på ein leikande måte. Klatreparken har fem løyper hengande oppe mellom trea. Løypane har ulike vanskegradar, og er i ulike høgder over bakken.
Åpningstider: Enkelte laurdager framover på hausten. Kontakt Sivert Brimi Ottesen på 955 566 77 for booking. Meir info: Brimiland.no
Vågåvatnet Feriesenter
Elektriske surfebrett, padlebåtar, SUP-brett og robåtar til leie i omgivelsar som frå eit måleri.
Meir info: vagavatnet.no/
Klubben
Midt i sentrum finn du Klubben, som har biljard- og bordtennisbord, bowling og innandørs minigolf.
Meir info: eventlink.no
Den flytande badstua
Opplev den utruleg sunne varm/kald effekten ved å varme seg opp i den flytande badstua og deretter dykke ned i det nydelege brevatnet ved det billedvakre Vågåvatnet.
Meir info: vagavatnet.no/
Detektivbyrå nr 2
Løys mysteriet 🔎 Finn plassane i Vågå sentrum, merket på kartet, for å få løysingsordet. Ha det gøy! Les meir på: detektivene.no
Kjøp: Du kan kjøpe Mysterieløypa i resepsjonen på hotellet

KultUr
Vågåkyrkja
Kyrkje frå 1625 med materiale frå fleire lokale stavkyrkjer datert tilbake til 1000-talet. Edvard Munch vart inspirert av måleria som framleis finst i kyrkja. Kyrkjegarden er ein attraksjon i seg sjølv, med ei rekkje gamle gravsteinar frå 1700-talet. Sjekk grava til den segnomsuste jegeren Jo Gjende (1794–1884). Bestill via resepsjonen på Villa Vågå Hotell
Meir info: vagakyrkja.com
Ting og Tøy Vågå
Vintage klær og gjenstandar samla lokalt som alltid byr på sjeldne funn
Mondag, Torsdag, Fredag, Lørdag: kl. 10-16
Gammel norsk kultur
Utforsk Vågå og få ein smak av den norske kulturarven. I den vesle bygda er det mange gamle tømmerhus, og du kan besøkja og til og med bestilla opphald på nokon av dei svært gamle gårdstuna som består av gamle tømmerhus - hundrevis av år gamle.
Meir info: Spør i resepsjonen på hotellet
Galleri Ullinsvin
2023: Utstillinga av Hennes Majestet Dronning Sonja og vår eigen Kjell Erik Killi-Olsen.
Galleri Ullinsvin opna i 2019. Med den urgamle prestegarden Ullinsvin som rame og fundament, inviterar galleriet til moderne utstillingslokal med topp kunstnarar og kulturopplevingar. Ullinsvin ligg på ei lita høgde ved Vågåmo sentrum og består av totalt 13 bygningar, dei fleste freda.
Åpningstider: Tysdag-Sundag kl. 11.00 - 16.00
Meir info: Ullinsvin.no
Munch i Vågå
Edvard Munch er ein målar av verdsformat og truleg den mest kjende kunstnaren Noreg har hatt. Han var både anerkjend og omdiskutert i si samtid, og mange oppfatta han som sjølvoppteken, sky og sentrert om seg sjølv og sin eigen kunst. På Munch-vandring i Vågå vil du oppdage at han hadde fleire sider.
Meir info: munchvandring.no